Mann tiltalt for å grovt ha mishandla kona i 20 år

KRIM: Skal mellom anna ha helt parafin over kona og truga med å tenne på. No må mannen svare for seg i retten.

DEL

Ein mann i 40-åra frå fylket står tiltalt i Sogn og Fjordane tingrett for å ha mishandla kona si frå 1997 til 2017. Mishandlinga skal ha vore både fysisk og psykisk, og skal ha skjedd både i heimkommunen og andre stader.

I tiltalen står det ramsa opp ei rekke måtar mannen har mishandla kona på. Han skal ha slått, skubba, lugga, dratt etter håret, spytta i fjeset og kasta gjenstandar på ho.

Han skal også ha skjelt ho ut, snakka nedsettande, kommandert og truga. Ved eit høve skal han ha bunde ho fast på hender og føter, halde ei pute over ansiktet hennar, deretter helt parafin over ho og truga med å sette fyr på ho.

Handlingane hans skal ha påført kvinna smerter, skader og psykiske belastningar, særleg frykt for å bli utsett for vald, står det i tiltalen. Borna deira skal ha vore til stades ved fleire av hendingane.

Saka skal i retten i byrjinga av januar 2019. Det kjem til å bli sett fram erstatningskrav frå bistandsadvokaten til kvinna.

Artikkeltags