Køyrde rusa på litt av kvart, og med falske papir – så blei han tilfeldigvis stoppa i kontroll

Artikkelen er over 2 år gammel

KRIM: No må han møte i retten.

DEL

Ein mann i slutten av 30-åra frå Sunnfjord er tiltalt ved Sogn og Fjordane tingrett for fire forhold som alle stammar frå éin køyreturar i januar.

Trafikkontroll avdekka mykje rart

Ifølge tiltalen skal mannen ha køyrd bil i ein tettstad i Sunnfjord på eit mellombels køyreløyve. Problemet var at køyreløyvet var utskrive til ein annan mann.

Mannen blei stoppa under ein trafikkontroll. Han viste då køyreløyvet til politiet og sa det var hans. No står mannen tiltalt for dokumentforfalsking og for å køyre utan gyldig førarkort.

Politiet fann også ut at mannen ikkje var edru. På ei blodprøve testa han positivt på dei narkotiske stoffa diazepam, klonazepam, amfetamin og metamfetamin. Han står no tiltalt både for å ha brukt desse stoffa, og for å køyre i rusa tilstand.

Fleire lovbrot

I tillegg står mannen tiltalt for eitt anna forhold, frå ein annan køyretur i Bergen i januar i år. Også under denne køyreturen skal mannen ha vore rusa, denne gongen på stoffa klonazepam og alprazolam.

Mannen må møte i retten den 25. oktober.

Artikkeltags