Ber om 4,5 og 5,5 år i fengsel i gruppevaldtektssaka

KRIM: Aktor bad om fire og eit halvt og fem og eit halvt år fengsel for dei to valdtektstiltalte brørne.

DEL

Det skriv NRK Sogn og Fjordane.

Denne måndagen var siste dagen i retten for saka der tre utanlandske menn står tiltalt for å ha gruppevaldtatt ei kvinne i Sogndal. Den eine tiltalte møtte aldri i retten, og er internasjonalt etterlyst.

Dei to andre tiltalte er brør, og kan hamne i fengsel viss aktor når fram. Den eine av dei erkjenner å ha valdtatt, medan den andre nektar for å ha hatt nokon som helst kontakt med kvinna.

– Tiltalte meiner at han ikkje har hatt noko med denne kvinna å gjere. Ho klarer ikkje å identifisere han og dessutan er det ingen DNA-profil på ho frå min klient. Han reknar med å bli frifunnen, seier forsvarar Louis Anda til NRK Sogn og Fjordane.

Den fornærma kvinna meiner ho måtte spele medvitslaus, medan dei tre mennene valdtok ho ein etter ein.

No blir det opp til retten å felle ein dom.

Les meir om forklaringa hennar:

Les om brørne si forklaring:

Artikkeltags