Ny Microsoftsvindel-bølgje: – No må folk slutte å late seg lure og berre slengje på røret

Artikkelen er over 2 år gammel

FYLKET: Politiet har i desse dagar motteke fleire telefonar om folk som har late seg lure av så kalla Microsoft-svindlarar.

DEL

– Det er framleis folk som vert lurte av dette. No må folk slutte å la seg lure, og berre slengje på røret når dei ringer, seier Per Rimmen, operasjonsleiar i Politiet Vest i Florø, til Firda.

I politiet har dei i desse dagar merka at ei ny bølgje med svindelforsøk har skylt inn over oss. Og trass dei primitive måtane svindlarane brukar – vi let oss framleis lure.

Åtvarar

Difor visste ikkje Rimmen anna råd, enn å legge ut nokre meldingar på politiet sin Twitter-konto om at det er svindel ein vert utsette for, og at Microsoft ikkje handterer kundane sine på den måten.

– Dette har det vore skrive om mange gongar, så no må folk legge dette til minnet. Det er ikkje noko poeng i å drage ute samtalen med dei, dei har berre som poeng å få lurt til seg opplysingar om bankkort, datamaskin og liknande, seier Rimmen.

Sjå video av korleis Alf Vidar greidde å få svindlarane skikkeleg sinte: – You go to hell

– Vanskeleg å få att pengane

Operasjonsleiaren fortel vidare at desse svindelforsøka kjem i bølgjer her i fylket, det er ikkje heilt året, men i periodar får fleire telefon frå svindlarane.

– Dei har ringt til meg og, men eg berre la på. Dei ringer frå forskjellige nummer. Men dette er ikkje slik Microsoft held på, vil dei nå ut til folk tek dei det gjennom media eller på anna vis. Det er folk nøydde å forstå, seier Rimmen vidare.

– Eg tykkjer synd på folk som har gått på dette, etter så mange åtvaringar. Det er dei som har fått pengar trekt frå kontoane sine, dei er ikkje lette å få att, seier han.

Artikkeltags