Slo og truga sambuaren. Må betale 30.000 kroner i erstatning

Artikkelen er over 1 år gammel

KRIM: Ein mann er dømt til å betale erstatning til sin tidlegare sambuar for valdsepisodar.

DEL

Mannen frå Sunnfjord sparka og slo den fornærma kvinna ved fleire høve i 2014, ifølge dommen. Kvinna fekk blåmerke og skader som følge av valdsepisodane.

Han truga også kvinna med å «knuse trynet hennar» og drepe ho.

Dømd i fjor

Mannen blei dømt for fleire av desse forholda i Sogn og Fjordane tingrett i fjor haust. Straffa landa på 75 dagar i fengsel, med prøvetid på to år.

Retten har skilt ut dei sivile krava til ein eigen rettssak, som no er over. Den fornærma bad om meinerstatning og oppreisingserstatning. Meinerstatning skal vere kompensasjon for varige men, der den skadelidande må ha ei skade av medisinsk art, som er betydeleg og varig.

Kvinna skal ha slite psykisk i etterkant av valdsepisodane, forklarte ein sakkyndig for retten.

Må betale 30.000 i erstatning

Mannen blei dømt til å betale 30.000 kroner i oppreisingserstatning innan to veker. Han blei frifunne frå kravet om meinerstatning.

Retten kom fram til at ein større del av den fornærma sine lidingar skuldast forhold som skjedde før ho møtte mannen. I tillegg meinte retten at den fornærma sitt funksjonsnivå ikkje blei redusert av den dømte mannen i like stor grad som den sakkyndige gav uttrykk for.

Artikkeltags