Mann tiltalt for fyllekøyring - skal ha pressa dame på sykkel ut i grøfta

No må han i retten og svare for køyreturen og grove utsagn mot politibetentane som møtte opp på døra hans.

DEL

Mannen frå Sogn i 60-åra skal ha køyrd bil i alkoholpåverka tilstand ein søndag i mai i fjor.

Under køyreturen skal han ha kome borti ei dame som sykla, slik at ho datt i grøfta og fekk skrubbsår. Deretter køyrde han berre vidare utan å hjelpe kvinna, står det i tiltalen.

Etter køyreturen skal mannen ha drukke meir alkohol. Ein blodprøve tatt av mannen seinare på dagen, viste ei alkoholpromille å 2,25.

Då politiet møtte opp på adressa hans i etterkant av køyreturen, skal mannen ha vore ufin og kome med truslar.

Han sa ting som «Skal dere ha juling begge to?» og «Jeg hentar inn folk frå Oslo», ifølge tiltalen. Under køyreturen til legen, kom han gjentatte gongar med følgande beskjed til eine politibetjenten: «Hadde jeg vært ti år yngre, hadde du kommet ut i likpose».

No står mannen tiltalt for å køyre bil i alkoholpåverka tilstand, å køyre aktlaust, å ikkje ha stoppa og hjelpt kvinna som hamna i grøfta, å ha drukke meir alkohol sjølv om han burde skjønt at køyreturen ville leie til politietterforsking og å ha truga politibetjentar.

Saka skal opp i retten 21. juni.

Artikkeltags