Køyrde motorbåt, men var så full at han knapt kunne stå på beina

KRIM: Mannen er dømt til fengsel på vilkår og får ikkje køyre småbåt på 15 månadar.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Ein mann i 20-åra frå Nordfjord er dømt i Sogn og Fjordane tingrett for å stikke av med båtar, køyre båt i rusa tilstand og bruke narkotika. 

Han møtte i retten denne onsdagen og erkjente skuld på alle punkta han var sikta for.

Stakk av med båtar

På sommaren i 2015 skal han ha tatt ein motorbåt som låg fortøydd til ei småbåthamn, og køyrd vidare med den.

Knappe to veker seinare tok han ein annan båt med påhengsmotor frå ei nærliggande bedrift, og køyrde båten til Sunnmøre.

Køyrde båt med 2,5 i promille

Ein junikveld same sommar skal mannen ha køyrd småbåt med motor medan han var påverka av alkohol og ei rekke andre stoff. Då politiet fekk tak i mannen, hadde han problem med å stå på beina, står det i dommen.

Politiet tok blodprøve av han same natt, og den viste ei alkoholpromille på 2,5. I tillegg var mannen påverka av stoffa amfetamin, diazepam, klonazepam, THC (verkestoffet i cannabis) og N-desmetyldiazepam.

Tok med amfetamin frå Spania

I tillegg blei mannen blei dømt for to narkotikalovbrot:

I desember 2016 blei han tatt på Gardermoen flyplass for å ta med seg 0,6 gram amfetamin frå Spania til Norge. Og ein gong på sommaren 2015 skal han ha brukt stoffa amfetamin, rivotril og diazepam.

Sterkt redusert straff

Mannen er tidlegare straffedømt fire gongar, og har fått fleire bøter.

Påtalemyndigheita foreslo ei straff på fem månadar i fengsel på vilkår, med ei prøvetid på to år. Påtalemyndigheita viste til at mannen var dømt fleire gonger som skjerpande for straffa. I formildande retning peika dei på at mannen tilstod og at saka har hatt for lang liggetid hos politiet. 

Retten var einig med premissane, men meinte liggetida måtte redusere straffa endå meir. Sakene hadde lege totalt inaktive hos politiet i meir enn 12 månadar, blei det påpeika i retten.

Straffa enda på 45 dagar i fengsel på vilkår, med ei prøvetid på to år. I tillegg blei mannen frådømt retten til å køyre småbåt og retten til å ta småbåtførarbevis dei neste 15 månadane.

Artikkeltags