Hadde 200 gram metamfetamin – dømt fire år seinare

Artikkelen er over 3 år gammel

KRIM: Mannen slepp å sitte i fengsel, så lenge han held seg på rett side av lova.

DEL

Ein mann frå Sunnfjord i 30-åra har blitt dømt for oppbevaring av 206.6 gram metamfetamin, 1.3 gram cannabis og fem tablettar Rivotril, som inneheld det narkotiske stoffet klonazepam.

Det var i oktober 2012 at han oppbevarte narkotika. Mannen har dermed venta i fire år med å få saka i retten.

Dette går fram av ein dom frå Fjordane tingrett.

Bidrog i formildande retning

Straffa enda på seks månadar fengsel, som blir gjort på vilkår med ei prøvetid på to år. Det var ei rekke ting som bidrog i formildande retning for straffa.

For det første er den dømte mannen i ein annan livssituasjon no enn i 2012, står det i dommen. Mannen hadde vore rusmisbrukar i ti år på gjerningstidspunktet, men er no familiefar med jobb og har levert reine urinprøver i fleire år. At mannen erkjente straffeskuld var også med å påverke straffeutmålinga i formildande retning.

Vidare la retten vekt på at det har gått fire år frå det straffbare forholdet til saka var oppe i retten. I dommen skriv tingrettsdommaren at dette er kritikkverdig og i strid med kravet om rettargang innan rimeleg tid.

Saka blei liggande hos politiet

I dommen står det at saka blei forsøkt pådømt som tilståingsdom eitt år etter gjerningstidspunktet. Men saka skal då ha blitt returnert frå tingretten, anten fordi dei ikkje lykkast med å kalle inn sikta eller fordi det var tilhøyrande feil rettskrins. Saka blei deretter liggande hos politiet.

Artikkeltags