Varetektsfengsla for truslar og vald

Artikkelen er over 3 år gammel

FJORDANE TINGRETT: Mannen vert fengsla for å unngå nye lovbrot.

DEL

Ein mann i 20-åra vart i går varetektsfengsla i inntil to veker i Fjordane tingrett. Han skal ha brote eit besøksforbod til flyktningkonsulenten sin, og truga og utført vald mot ein annan person. I tillegg skal han ha brote vegtrafikklova.

Forstår ikkje alvoret

Hausten/vinteren 2016 skal den sikta ha utøvd plagsam åtferd overfor flyktningkonsulenten sin, noko som førte til eit besøksforbod. Likevel heldt den sikta fram med å ta kontakt med henne på Facebook og telefon, og han skal ha oppsøkt arbeidsstaden hennar.

I januar 2017 fekk den sikta eit førelegg for dette, som han vedtok, men heldt fram med å prøve å kontakte henne på telefon.

I kravet om varetektsfengslinga står det at åtferda til den sikta viser at han ikkje forstår alvoret i situasjonen, då han trass i besøksforbod og vedtak om førelegg held fram med å ta kontakt.

Slo med stein

Same kveld som han sist ringde flyktningkonsulenten på telefon, skal han ha oppsøkt bustaden til ein annan person. Han hamra på døra og nekta å gå frå staden. Dagen etter oppsøkte han den same personen på nytt, og truga med barberblad eller kniv, og slo personen i andletet med ein stein.

Fare for nye lovbrot

Alternativ til fengsling er, slik retten ser det, ikkje tilstrekkeleg grunna faren for nye straffbare handlingar. Dette er då besøksforbod og førelegg allereie er prøvd, utan effekt. Retten meiner sannsynet er stort for at den sikta kjem til å utføre nye lovbrot av same karakter dersom han ikkje vert fengsla. Førelegget på 2000 kroner kvalifiserer til ei kortare fengselsstraff, då nokre forhold allereie er gjort opp for. Med tilvising til dette fastset retten fengslingsperioden til to veker.

Artikkeltags