Mannen trong leigebil, men såg ingen grunn til å levere den tilbake

Artikkelen er over 3 år gammel

KRIM: Stal også kantklyppar, plenklyppar og nær 30.000 kroner i kontantar. No ventar 120 dagar i fengsel.

DEL

Fram til han vart arrestert av politiet, hadde mannen i 30-åra hatt «gratis» leigebil frå 23. mai til 14. september. Basert på leigeavtalen som var inngått i Moss, svarar denne tjuvleiga til ein verdi på 68.350 kroner.

Den opphavlege leigeavtalen var på 22 dagar, og var stipulert til ca. 13.000 kroner.

Han er no dømd for forholdet i Fjordane tingrett, saman med ein serie av fem tjuveri i Stryn, der fire av desse blir vurdert som grove. Retten peikar også på at alle desse tjuveria vart gjort innan eit kort tidsrom i august i fjor.

Tre innbrot på same sjåførrom

Mannen skal blant anna ha teke seg inn i Stryn rutebilstasjons låste sjåførrom, ved å knuse ei rute. Her stal han ca. 3.600 kroner i kontantar.

Ni dagar seinare tok han seg inn i same sjåførrom, ved å bryte opp ei treplate framfor det same knuste vindauget. Denne gongen stal han ca. 13.300 kroner i kontantar.

Neste innbrot skjedde i verktøyskuret til Stryn Turn og Idrettslag, og denne gongen stal han ein kantklippar. I tida før same dag stal han også ein plenklippar frå idrettslaget.

Derimot tok det ikkje mange dagane før han igjen var tilbake på sjåførrommet på rutebilstasjonen, ved å bryte opp den same treplata som før. Ved dette høvet fekk han med seg 11.500 kroner i kontantar.

Fengsel i 120 dagar

Mannen, som også er tidlegare straffedømt, tilstod forholda i retten. Tilståinga blir sett på som formildande i retten, saman med at saka er blitt gammal. Saka var ferdig etterforska i november 2015, og tidsbruken har blitt vurdert slik at den gir eit vesentleg frådrag i straffa.

Likevel er tjuveria vurdert så grove av retten at mannen blir idømt ei fengselsstraff på 120 dagar. Frå denne straffa blir det trekt frå 7 dagar i varetekt.

Mannen blir også dømt til å betale 6000 kroner til bilutleigaren, 56.737 kroner til Gjensidige Forsikring ASA og 29.300 kroner til Nettbuss Ekspress AS.

Artikkeltags