Sunnfjording dømd for hasjdyrking

Artikkelen er over 2 år gammel

DOM: Ein mann frå Sunnfjord får 30 dagar fengsel og 5000 kroner i bot for oppbevaring og dyrking av narkotika.

DEL

Mannen vart sikta i starten av november, og tilstod å ha forsøkt å dyrke fram cannabis i eit dyrkingstelt. Han vart også dømd for å ha oppbevart 3,16 gram hasjisj, to gram marihuana, fem Oksykodon-tablettar, 10 MDMA-tablettar, 2 cannabisplanter og éin cannabisplantestilk heime.

Domen fall i Sogn og Fjordane tingrett 30. november. Ifølge tingretten var bevisa mot mannen så sterke at tilståinga frå mannen ikkje hadde mykje å seie.

Då politiet ransaka heimen til Sunnfjord-mannen i desember i fjor, fann dei to fullvaksne cannabisplantar og ein cannabisplantestilk.

Dei vurderte at plantane ville ha produsert rundt 30 til 40 gram tørka marihuana.

Dei andre narkotiske stoffa som vart funne i mannens heim ville isolert sett gitt bot, og vart sett på som skjerpande omstende i saka mot sunnfjordingen.

Han fekk totalt 30 dagar fengsel på vilkår, og ei bot på 5000 kroner.

Artikkeltags