Mannen er no dømd i Fjordane tingrett for å ha brote kontakt- og opphaldsforbodet han fekk etter å over lengre tid ha sendt fleire uønskte tekstmeldingar til ein ekskjærast.
117 tekstmeldingar
Frå 16. november til 7. desember 2015 skreiv tiltalte 48 tekstmeldingar, og i perioden 29. oktober til 16. november 2015, sende han 69 tekstmeldingar – der 31 av desse vart sende på éin dag.
Den fornærma kvinna fortalde i retten at ho opplevde dette som svært plagsamt, og at meldingane i hovudsak kom på kveldstid eller i helgar, noko ho sjølv sette i samanheng med at tiltalte drakk alkohol.
Braut kontakt- og opphaldsforbod
Fornærma svara ikkje på meldingane, med unntak av eitt høve der ho gjorde det klart at ho ville kontakte politiet dersom ikkje meldingane tok slutt.
Det gjorde dei ikkje, og i desember 2015 vart den tiltalte pålagt besøksforbod. Vedkommande fekk forbod mot å oppsøkje, forfølgje eller på noko vis ta kontakt. Han fekk også forbod mot å halde seg i og rundt fornærma sin bustad.
Kort tid etter braut han dette forbodet ved tre høve. To gonger ved å opphalde seg i nærleiken av ekskjærastens bustad, og ved å sende to nye tekstmeldingar.
Fengsel på vilkår og erstatning
Den tiltalte har erkjent straffeskuld for forholda, og tingretten har idømt mannen ei fengselsstraff på 60 dagar, med ei prøvetid på to år.
Retten vektla tyngst brota på besøksforbodet, og belastninga dette medførte for fornærma. Det blir også lagt vekt på i skjerpande retning at den tiltalte ikkje overheldt forbodet, trass i kontakt med politiet både etter første og andre brot.
Han er også dømd til å betale 10.000 kroner i oppreisingserstatning til ekskjærasten.