Oppbevarte over 900 gram amfetamin og 16.000 tablettar med steroidar i Førde

Artikkelen er over 2 år gammel

KRIM: Mannen må no sitte fire og eit halv år i fengsel.

DEL

Ein mann i midten av 20-åra frå Hordaland er dømt for oppbevaring og sal av betydelege mengder narkotika i Fjordane tingrett den 30. juni. 

Det dreier seg totalt om 935 gram amfetamin, 64 gram hasj og 79 gram MDMA. Stoffet var pakka i mindre posar meint for vidaresal.

Mannen skal ha oppbevart stoffet i Førde, mellom anna i leilegheita til kjærasten sin.

I tillegg er mannen dømt for å ha slått ut tennene på ein person i Førde sentrum i fjor, og for å ha oppbevart 16.170 tablettar med det anabole steroidet metandienon.

Han blei frifunnen for ein valdsepisode frå ei tidlegare soning i Vik fengsel.

Verdt fleire hundre tusen

Mannen skal ha kjøpt dei store mengdene amfetamin, hasj og MDMA på Os i Hordaland ein novemberdag i 2016. Han frakta det til Førde med kjærasten sin som sjåfør. Få dagar seinare selte han 240 gram av amfetaminet på ein dag. Han sende 200 gram i posten til ein person på Stord og selte 40 gram til ein person i Førde.

Retten ser på oppbevaring av 935 gram amfetamin som eit grovt lovbrot. Ifølge dommen var styrkegraden på mellom 21 og 27 prosent.

Gateverdien på amfetamin blir ofte estimert til rundt 500 kroner per gram, som tilseier at mannen hadde amfetamin til ein mogleg verdi av 400.000-500.000 kroner.

Dei over 16.000 tablettane med anabole steroidar skal mannen ha oppbevart i Førde i november 2016. Dei inneheldt verkestoffa metandienon og metyltesteron. Han skal ha oppbevart tablettane i tillegg til ampullar i treningsbagen sin, i klesskapet sitt og i bilen til kjærasten.

Aktor bad om seks år i fengsel

Den no dømte mannen blei sett fri frå eit lenger fengselsopphald sommaren i fjor. Han er tidlegare dømt for valdtekt, vald og truslar mot politiet og bruk av narkotika.

Han har sete i varetekt sidan november i fjor, då han blei arrestert av politiet.

I retten erkjente mannen seg skuldig på alle punkt unntatt dei to valdsepisodane. Aktor bad om fengsel i seks år, medan forsvararen bad om at klienten hans blei vurdert på mildast mogleg måte.

Dommen i Fjordane tingrett landa på fengsel utan vilkår i fire år og seks månadar. Straffa inkluderer ei resttid på eit år og åtte månadar, ettersom mannen blei sett fri på prøve sist sommar.

Tida han har sete i varetekt, om lag sju og ein halv månad, blir trekt ifrå fengselsstraffa.

Mannen blei frifunne for kravet om å betale sakskostnader til staten, på grunn av sin økonomiske situasjon.

Artikkeltags