Kom med alvorlege truslar og ville sprenge Førde

Artikkelen er over 3 år gammel

KRIM: Mannen står no tiltalt for truslane.

DEL

Ein mann tidleg i 30-åra har blitt tiltalt i Fjordane tingrett for å komme med alvorlege truslar. Det hendte i april 2016 på kveldstid. Mannen frå Sunnfjord ringde AMK (Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral). Deretter sa han at han oppheldt seg i Førde sentrum og ville sprenge Førde.

Vidare sa han at han ville skyte politiet, operatøren frå AMK og familien hans, viss dei møtte opp. Desse truslane blei gjentatt fleire gongar, står det i tiltalen.

Mannen er sett under tiltale for brot på straffeloven paragraf 263: for å i ord eller handling ha truga med straffbar åtferd under slike omstende at trusselen var egna til å framkalle alvorleg frykt.

Artikkeltags