Sparka mann i hovudet medan han låg nede, no må gjerningsmannen i fengsel

Artikkelen er over 2 år gammel

KRIM: Må også ut med over 50.000 kroner i erstatningssummar.

DEL

Ein mann i 20-åra er dømt til 60 dagar i fengsel i Fjordane tingrett etter ein valdsepisode i fjor.

Episoden fann stad på hausten 2016, då mannen og ein kompis gjekk frå vorspiel ein laurdagskveld. Dei møtte på ein annan gjeng, deriblant den fornærma.

Tulleslåsting blei til slåsting

Medan dei stod og prata, skal den fornærma ha lagt kompisen til den dømte mannen i bakken. Han sa i retten at dette var meint på tull, men det blei ikkje oppfatta slik at den dømte mannen.

Etter ein slåstkamp som dei involverte og vitna hadde ulike forklaringar på, enda den fornærma i bakken med smerter, brot i kjevepartiet og ei knekt hjørnetann.

Retten kom fram til at den dømte må ha sparka den fornærma i hovudet medan han låg nede.

Den fornærma blei køyrd med ambulanse til Førde sentralsjukehus etter slåstkampen, før han blei sendt vidare til Haukeland universitetssjukehus for operasjon. Han fekk ei titanplante med skruar i venstre kjeve og to plater med skruar i høgre kjeve.

Den brotne hjørnetanna blei trekt under operasjonen, og han skal få sett inn ei ny etter kvart.

«Alvorleg valdslovbrot»

Retten skildrar handlinga til den dømte som eit alvorleg valdslovbrot, og straffa blei sett til fengsel utan vilkår i 60 dagar. To dagar i varetekt blir trekt frå.

I tillegg blei mannen dømt til å betale 26.305 kroner til lidde og framtidige tannlegeutgifter, 25.000 kroner i oppreising og 3000 kroner i sakskostnader.

Artikkeltags