Må i fengsel etter køyring i rusa tilstand

Artikkelen er over 2 år gammel

KRIM: Ein mann i 20-åra frå Sogn er dømt til 21 dagar i fengsel, etter ein biltur som enda i fjellveggen.

DEL

I juli blei han dømt til fengsel, 10.000 kroner i bot og to år utan førarrett i Fjordane tingrett.

Køyrde av vegen

På sommaren i 2015 køyrde mannen på E39 langs Masfjorden, ifølge dommen. Han skal ha vore påverka av stoffa amfetamin, metamfetamin, diazepam, klonazepam og THC (verkestoffet i cannabis). Mannen skal ha vore rusa tilsvarande ei alkoholpromille på høgare enn 1.2.

Køyreturen enda med at han køyrde av vegen og trefte ein fjellvegg. Ulykka førte berre til skader på bilen. Då politiet kom på staden fann dei små mengder hasj i bilen.

Tilstod alt

Mannen er ikkje straffedømt tidlegare, og gav ei uforbeholden tilståing. Dette såg retten på som formildande. Derimot fann dei også omstende som var skjerpande for straffa: at den rusa køyringa gjekk over ei lang strekke, at det ført til eit trafikkuhell og at mannen hadde hasj.

Han blei dømt på 21 dagar i fengsel og 10.000 kroner i bot, i tillegg til tap av førarrett i to år. To dagar blir trekt frå fengselsstraffa, fordi han har sete i varetekt. Alternativt til å betale bota kan han sone 15 ekstra dagar i fengsel.

Artikkeltags