Krev to år og seks månadar fengsel for kidnappingstiltalt

DEL

Ein ung mann blei overtalt til å sette seg inn i ein bil i området utanfor Dolly Dimples, ei laurdagsnatt i oktober 2019. Deretter fekk han fleire olbogeslag i ansiktet, før bilen køyrde til Ankerløkken, der mannen blei banka opp og truga på livet.

Ein mann i 20-åra vart tiltalt for kidnapping og vald, medan to andre menn vart tiltalt for å ha medverka: Sjåføren av bilen og ein annan passasjer. Sjåføren av bilen har tilstått og fått ein tilståingsdom.

Rettssaka mot hovudtiltalte starta i byrjinga av mai. Fredag var siste dag i retten, der aktor og forsvararane heldt sine sluttprosedyrer.

Ifølgje NRK Vestland brukte politiadvokat Kristine Bu si prosedyre til å skildre hovudtiltalte som ein som har styrt narkotikamiljøet i Førde med hard hand.

– Han har bygd opp eit fryktregime rundt seg og har hatt eit grep om miljøet, sa Bu.

Det har vore vanskeleg for politiet å få folk med kjennskap til dei tiltalte og miljøet til å vitne.

– Ikkje ein gang kollegaene til den hovudtiltalte torde å forklare seg. Dei også var redde for konsekvensane av å snakke med politiet, sa Bu.

Politiadvokaten krev to år og seks månadar fengsel for den hovudtiltalte. Dommen er venta å kome innan to veker.

Artikkeltags