Gå til sidens hovedinnhold

Krav om karantenehotell frå fleire feriestadar

Ubeskytta frå Kreta, Spania og Nederland må frå måndag på karantenehotell når dei kjem til Noreg. Det blir og innført andre innreiserestriksjonar.

Det opplyser regjeringa fredag.

Kreta, Spania og Nederland er no mørkeròde, noko som betyr karantenehotell for reisande når dei kjem til Norge. Frå før av gjeld dei same krava Kypros og Storbritannia.

I tillegg er det innført innreiserestriksjonar og krav om karantene for ubeskytta frå Estland, Liechtenstein og Sveits. Karantenen treng likevel ikkje å gjennomførast på hotell.

Dei nordiske landa blir vurderte ut frå regionar, men det er no restriksjonar og karantenekrav for heile Danmark etter at Sydjylland vart oransje i oppdateringa på fredag.

For Sverige er det ingen endringar frå førre veke. Norrbotten er framleis oransje og Värmland framleis raudt, medan resten av landet er grønt.

Utvalde øygrupper i Europa blir vurderte særskilt, og mellom dei Korsika og Sicilia er no raude eller oransje. Ei rekkje andre øyar, mellom dei Kanariøyane, held fram med å vere raude eller oransje.

Regjeringa vurderer òg enkelte land utanfor EU. Landa der smittesituasjonen gir grunnlag for mildare innreisereglar blir omtalt som lilla land. Israel, Japan, Montenegro og Sør-Korea blir fjerna frå denne lista.

Endringane trer i kraft frå og med midnatt natt til måndag 26. juli, opplyser regjeringa.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken