Krasja på sommardekk – politiet tok førarkortet

ULYKKE: Bilen køyrde i fjellveggen onsdag morgon ved Almenning på rv. 15.

ULYKKE: Bilen køyrde i fjellveggen onsdag morgon ved Almenning på rv. 15. Foto:

Ein mann i 20-åra køyrde i fjellveggen i Nordfjord. Han køyrde på slitne sommardekk.

DEL

Litt før klokka 08.00 onsdag morgon fekk Vest politidistrikt melding om ei trafikkulykke på rv. 15 ved Almenning, nokre kilometer aust frå Måløy.

Ein varebil med ein person hadde køyrt i fjellveggen. Til Bergens Tidende seier Morten Hagen, innsatsleiar i Nordfjord, at føraren vart lettare skadd.

– Bilen hadde slitne sommardekk. Det snødde og var minus 0,5 grader på ulykkesstaden. Vi har tatt førarkortet til sjåføren, seier Hagen til avisa.

Sjølv om kalenderen viser 13. mai, har det vore svært kaldt i fylket dei siste dagane. Fleire stadar er det sett kulderekord for mai månad. Innsatsleiaren har følgande oppmoding:

– Folk må vurdere føret før dei køyrer. Om kveld, natt og morgon er det ofte snø og glatte vegar, så ein må ta ei vurdering på om sommardekk er forsvarleg, seier Hagen.

Bilen fekk store materielle skadar etter krasjen, opplyser operasjonsleiar Terje Magnussen til Firda.

– Det vart tatt avhøyr av førar på staden. Vedkommande var ein mann i slutten av 20-åra, seier han.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags