Gå til sidens hovedinnhold

Krangla om solbriller – politiet måtte rykkje ut

Vert melde for ordensforstyrring.

Eit par solbriller skal i natt ha blitt øydelagde. Det utløyste ein så høglydt krangel mellom ein mann i 30-åra og ein mann i 40-åra, at politiet blei kontakta for å få roa ned situasjonen som fann stad utanfor Thon Hotel Måløy klokka 03 i natt.

Rusa og kranglete

– Ingen blei skadde, og ingen måtte ha tilsyn av lege. Men dei vert melde for ordensforstyrring, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit.

– Det såg ut til at dei kjende kvarandre frå før, og var rusa og litt kranglete. Dei roa seg fort ned når politiet kom, seier Kolltveit.