KS skeptisk til kraftfusjonar

Foto:

Av

Både olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) og NVE-direktør Ove Flataker trur at færre og større nettselskap skal gi mykje lågare straumpris. Men det trur ikkje KS-direktør Asle Strand noko på.

DEL

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) la fredag fram ein rapport som viste at straumkundane kan spare 2,6 milliardar kroner i året dersom talet på nettselskap blir halvert. Både Freiberg og Flataker har tidlegare gått inn for slike tiltak.

Men Asle Strand i KS Bedrift Energi er skeptisk til reknestykka.

– Styresmaktene har ei overdriven tru på fusjonar. Dei har tilsynelatande eit mantra om at dette skal vere løysinga på alt når det gjeld å få ned nettleiga. Men nettleiga er ikkje systematisk lågare i større enn i små nettselskap, seier Strand til Dagens Næringsliv.

Strand peikar på at straumrekninga ikkje berre er nettleige, men også kraftpris og avgifter. Han trur NVE-overslaga om eit sparepotensial på 2,6 milliardar kroner er altfor optimistisk og viser til at mange av dei stordriftsfordelane NVE reknar med, allereie er tatt ut gjennom samarbeid og felles innkjøp.

– Det er ingen ting som tyder på at dei store selskapa har systematisk lågare nettleige, særleg ikkje viss du justerer for klima, geografi og kundetettleik, seier Strand.

105 av dei 124 nettselskapa i Noreg er organiserte i KS Bedrift. Av dei har 51 færre enn 7.000 kundar, ifølgje fagbladet Enerwe. Det klart største, Hafslund Nett, betener over 700.000 kundar.

Artikkeltags