Gå til sidens hovedinnhold

Kraftige regnbyer på veg - meteorologane har tatt fram farevarselet

Artikkelen er over 1 år gammel

Frå torsdag ettermiddag er det varsla kraftige regnbyer mange stader.

Meteorologisk institutt melder at det er venta regn, og nokre stadar mykje regn, det kommande døgnet. Som følge av det har dei sendt ut gult varsel om jordskredfare.

Farevarselet gjeld for Hordaland, Sogn og Fjordane og delar av Møre og Romstdal. Det er venta opp mot 50–80 mm på 24 timar. Lokalt kan det bli endå verre. Nokre stader kan det bli mellom 30 og 50 mm nedbør i løpet av 6 timar.

Akkurat kvar byene treffer og kor sterke dei blir er usikkert.

Gult farenivå er det lågaste farevarselet.

Det er elles varsla liten og periodevis stiv til sterk kuling utsette stadar. Frå ut på dagen er det også utrygt for tore.

Kommentarer til denne saken