Frå søndag er det venta snøfokk i fjellet grunna snø og kraftig vind frå søraust. Dette gjer at det er sendt ut varsel om betydeleg snøskredfare: faregrad 3.
Farevarselet gjeld for heile Vestlandet: Trollheimen, Romsdal, Sunnmøre, Indre Fjordane, Jotunheimen, Indre Sogn, Voss og Hardanger.
– Først på dagen kan fersk fokksnø i austvendt terreng gje middels store skred. Når vinden dreiar og aukar utpå dagen er det venta mykje vind inn i leheng i nye himmelretningar. I område med mykje laus snø kan enkelte skred losne naturleg når vêret står på, står det på Varsom.no.
Vedvarande svake lag rundt eit gammalt skarelag i høgda kan gje store skred.
– Ver varsam i område med tynt snødekke og ta fareteikn som drønn og skytande sprekker i snøen på alvor, skriv Varsom.no.
Måndag er snøskredfaren venta å falle til moderat.