Kraftig fall på Oslo Børs

Av

Hovudindeksen på Oslo Børs fall 2,6 prosent torsdag. Oljeprisfall og økonomisk nedgang i USA og Tyskland får skulda.

DEL

Indeksen fall stødig gjennom heile dagen, men fall ytterlegare då Wall Street i New York opna klokka 15.30 norsk tid.

USAs bruttonasjonalprodukt rasa med 32,9 prosent i andre kvartal samanlikna med same periode i fjor. Tidlegare på dagen vart det klart at Tysklands BNP-tal låg 11,7 prosent lågare i andre kvartal enn same periode i fjor.

Ti minutt før stengjetid hadde òg prisen på nordsjøolje falle til 41,49 dollar fatet, men gjekk opp igjen 0,49 dollar fram til stengjetid klokka 16.30. Prisen lydde på 43,40 då børsen opna.

Equinor var mest omsett med 285 millionar kroner torsdag. Aksjen enda ned 2,3 prosent. Dei neste selskapa på omsetningstoppen var Nel (-5,8), Mowi (-2,7), DNB (-3,3), og Telenor (-2,3).

Dagens vinnar vart Polaris Media som auka med 8 prosent. Gyldendal gjekk opp 7 prosent og auka med det nest mest.

I andre enden av skalaen enda Shelf Drilling (-8,8), Hexagon Composites (-8,5) og Northern Ocean (-8,1). Norwegian fall med 7,7 prosent og vart omsett for 60,9 millionar kroner.

Totalt vart det omsett aksjar for 3,79 milliardar kroner på Oslo Børs torsdag. Det vart utført 125.932 handlar.

Artikkeltags