Kraftig fall i talet på heilt arbeidsledige

– Dette er ein større nedgang enn vi hadde venta, men desto meir gledeleg, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør NAV Vestland.

DEL

Ferske tal frå Nav syner at talet på heilt arbeidsledige personar i Vestland er redusert med 5147 personar dei siste 14 dagane.

Talet har gått frå 33.419 arbeidsledige ned til 28. 271 dei siste to vekene.

Det melder Nav i ei pressemelding.

(I den første pressemeldinga frå Nav melde dei først at talet heilt arbeidsledige var 3000 færre enn det er. Saka er korrigert etter dette)

Talet på delvis ledige aukar

Talet på heilt ledige fell innan alle yrkesgrupper og mest innan butikk- og salsarbeid (-1490), ulike serviceyrke (-1419) og reiseliv og transport (-1257). I prosent er det størst reduksjon innan helse, pleie og omsorg med 40 prosent reduksjon eller 620 færre ledige.

– Det er liten tvil om at letten på smittevernrestriksjonane har ført til at yrkesgrupper som frisør, tannlege og andre innan personleg pleie har starta raskt opp igjen, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør NAV Vestland i pressemeldinga.

Flest unge arbeidsledige

Medan talet på heilt arbeidsledige har gått kraftig ned, har talet på folk som er delvis utan jobb, auka. Ifølge Nav er dette positivt, fordi det er folk som har vore heilt utan jobb, men som no har begynt i reduserte stillingar.

Særleg er det innan barne- og ungdomsarbeid, reiseliv og transport og ulike serviceyrke, at aktiviteten tek seg opp.

Ser ein på aldersgruppene og kven som går mest ledig der, er det framleis dei under 30 som utgjer den største gruppa.


Artikkeltags