Kraftig auke i koronasmitta. No innfører Helsedirektoratet nye tiltak

Av

Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet heldt laurdag kveld felles pressekonferanse for å orientere om koronavirus-situasjonen i Norge.

DEL

Områdedirektør i FHI Geir Bukholm opplyser at det er stadfesta 147 tilfelle av koronavirus i Norge, kor 34 nye personar er stadfesta det siste døgnet. Ingen av de smittetilfella vert rekna som alvorlege og smittekjelda skal vere identifisert for alle.

I tillegg til Nord-Italia skal også fire personar ha blitt smitta i Austerrike.

Direktør i Helsedirektoratet Bjørn Guldvog seier dei no vil skjerpe tiltaka for å avgrense vidare smitte.

Blant anna skal alle personar som har oppheldt seg i område med vedvarande smitte av koronavirus halde seg heime i 14 dagar, uavhengig av om ein har symptom eller ikkje. Desse personane må også unngå offentleg transport.

Guldvog peikar på at dette gjeld personar som har opphalde seg i slike område i løpet av dei siste 14 dagane.

– Det er vanskeleg å sjå på alle dei nye som kjem inn utan å sette inn forsterka tiltak, både av omsyn til dei sjølv og omsynet til befolkninga elles. Eg legg spesielt vekt på omsynet til sårbare pasientar, sa Guldvog.

I tillegg oppfordrar Helsedirektoratet til å unngå handhelsing.

Artikkeltags