Kraftfusjonen er formelt gjennomført – no skal 60 millionar delast ut

FULLFØRT FUSJON: Sunnfjord Energi og BKK er no formelt fusjonerte. Biletet syner Jannicke Hilland (Konsernsjef i BKK), Arvid Andenæs (styreleiar i Sunnfjord Energi) og Fredrik Behrens (avtroppande administrerande direktør i Sunnfjord Energi).

FULLFØRT FUSJON: Sunnfjord Energi og BKK er no formelt fusjonerte. Biletet syner Jannicke Hilland (Konsernsjef i BKK), Arvid Andenæs (styreleiar i Sunnfjord Energi) og Fredrik Behrens (avtroppande administrerande direktør i Sunnfjord Energi). Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Fusjonen mellom Sunnfjord Energi og BKK er no formelt gjennomført. Med det får sju nye eigarkommunar overført 60 millionar kroner på deling.

DEL

Fusjonen mellom Sunnfjord Energi og BKK er no formelt gjennomført. Kraftselskapet BKK har med det fått sju nye eigarkommunar, og desse får overført 60 millionar kroner som ein del av fusjonsavtalen.

Fusjonen vart vedtatt av generalforsamlingane til dei to selskapa i juni. Fusjonen er no registrert og godkjent av Føretaksregisteret i Brønnøysund.

Slik blir pengane fordelte

– Dei tidlegare eigarane til Sunnfjord Energi eig no samla 3,5 prosent av BKK. I tillegg til aksjar får alle kommunane eit kontantoppgjer som vert betalt ut no, seier Ketil Konglevoll i BKK i ei pressemelding.

Summane er ei fordeling av aksjar og kontantar i Sunnfjord Energi Holding, og fordelar seg slik for dei sju eigarkommunane:



Aksjar

Kontantsum (kr)

Førde kommune

1,2430 %

21.280.439

Fjaler kommune

0,6059 %

10.376.556

Gaular kommune

0,4225 %

7.235.387

Jølster kommune

0,4225 %

7.235.387

Hyllestad kommune

0,3825 %

6.551.066

Solund kommune

0,2424 %

4.148.977

Naustdal kommune

0,1855 %

3.172.188


3,5043 %

60.000.000

Nye arbeidsplassar

Sunnfjord Energi vil halde fram som juridisk eining inntil dei tilsette er plassert inn i dei ulike BKK-selskapa. Denne integrasjonsprosessen er i full gang og er venta ferdig tidleg på nyåret.

– Vi gjennomfører kartleggingssamtalar med alle tilsette i Sunnfjord Energi. Dei aller fleste vil ta med seg dagens arbeidsoppgåver inn i eit BKK-selskap. Målet for integrasjonen er at alle skal få relevante oppgåver i BKK, seier Silje Skaar Sunde, prosjektleiar for integrasjonen i pressemeldinga.

BKK har lyst ut ein del stillingar i Sunnfjord og Ytre Sogn, mellom anna leiar for elektrifisering av havbruk, og fleire vil kome i tida framover. Det er også inngått ein samarbeidsavtale med organisasjonar for næringsutvikling og utdanningsinstitusjonar.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken