Vegtrafikksentralen melde torsdag ettermiddag at Nishammartunnelen i Fjaler er stengd.

– Det er inga trafikkulykke. Det er snakk om motorstans, sa operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Bilen skal ha stått dårleg til midt i vegen, i utløpet av tunnelen i retning Førde.

Politiet sende ikkje patrulje til staden.

Bilbergar skal vere på veg. Kolltveit visste ikkje kor lenge tunnelen blei stengd.

Litt før klokka 18 melde Vegtrafikksentralen at vegen var opna att. Havaristen skal ha fått hjelp og blei dratt ut av tunnelen.