Køyrde utfor og hamna i elva

I ELVA: Ein bil hamna utfor vegen og blei ståande med framhjula i elva ved Eldalsosen bru i Viksdalen måndag morgon.

I ELVA: Ein bil hamna utfor vegen og blei ståande med framhjula i elva ved Eldalsosen bru i Viksdalen måndag morgon. Foto:

DEL

Torsdag morgon køyrde ein bil av vegen og hamna med framparten ut i elva ved Eldalsosen bru i Viksdalen. Brua er ein del av fylkesveg 613.

Politiet har ikkje opplysningar i saka. Ved ulykker utan personskader, og der uhellet ikkje hindrar trafikken, blir ikkje politiet varsla.

Vegtrafikksentralen hadde heller ikkje opplysningar i saka i utganspunktet. Dei fekk først informasjon, som dei då varsla vidare, når bilbergar var på staden og vegen måtte stengast for å få berga bilen.

Vegen vart stengt klokka 09.50, og opna igjen så snart bilen var kommen på plass på bergingsbilen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken