Køyrde på hjort – sendt til sjukehus

Motorsykkel kolliderte med hjort på E39 i Lavik.

DEL

Natt til søndag, like etter klokka 05, melde politet om kollisjon mellom ein motorsyklist og ein hjort i Lavik. Ulykka skjedde på Alværa, 1 mil frå Lavik.

Alle naudetatar rykte ut til ulykkesstaden.

Føraren av motorsykkelen, ein mann i 50-åra, vart frakta til Førde sentralsjukehus.

– Så langt er det ikkje meldt om personskadar, seier Knut Dahl-Michelsen ved operasjonssentralen i Vest Politidistrikt.

Den påkøyrde hjorten døde og er frakta vekk frå staden. Det var viltnemnda som først blei varsla.

MC-føraren hadde ein fart på 80 km i timen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken