Køyrde på hjort. Det tolte både bilen og hjorten

DEL

Like over midnatt blei ein hjort påkøyrd i Panoramavegen i Stryn, fortel operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt.

Men liv gjekk ikkje tapt denne gongen.

– Nei då, den halta vidare, seier han.

Bilen tok ikkje skade av påkøyrselen, ifølge politiet. Viltnemnda i Stryn blei varsla om hendinga.

Artikkeltags