Fleire lovbrot vart registrerte onsdag då Statens vegvesen hadde trafikkontroll i Førde, Gaular og Bremanger. I alt var 238 køyretøy kontrollerte, men vegvesenet måtte ta ein ytterlegare kontroll på 46 av dei.

Under kontrollen vart det mellom anna utført vektkontroll der det kom fram at to av køyretøya var tungt overlasta. Førarane vart pålagt overlastgebyr på 2450 og 3800 kroner.

Sju av dei som vart stoppa fekk mellombels forbod mot vidare bruk av køyretøyet. Årsakene var mellom anna sikring av last, oljelekkasje og overlast.

Same dagen vart 13 førarar stoppa som følge av mindre manglar. Ti førarar hadde køyretøy med mangelfullt lys, to fekk advarsel grunna utilstrekkelege dekk på køyretøyet, eitt på underkøyringshinder og ytterlegare eitt på oljelekkasje.

Det vart også delt ut trafikkgebyr på 8000 kroner for køyretøy utan bombrikke. Vidare hadde fire førarar manglande dokument og to vart stoppa for utslitne dekk.