Klokka 15.30 fredag melder Politiet på Twitter om eit trafikkuhell på fylkesveg 613 ved Hetløyane aust i Viksdalen. Naudetatane fekk meldinga klokka 15.10.

– Bilen køyrde i ein mur, over eit gjerde og inn i ei reiskapsbu, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt til Firda klokka 16.15.

Det var to personar om bord i bilen, ei kvinne i 70-åra og ein mann i 80-åra. Begge vart tekne med til Førde sentralsjukehus med ambulansen for ein sjekk, men politiet har ikkje fått melding om at dei skal vere skadde. Dei var begge ute av bilen og medvitne då naudetatane kom fram.

Airbagane var utløyste, men det var ikkje røykutvikling. Det er behov for bilbergar.

Førebels veit ikkje politiet kva som forårsaka trafikkuhellet. Det er heller ikkje mistanke om rus.

Trafikken går som normalt forbi staden.