Køyrde i autovernet og tippa over på sida

Føraren skal ha kome seg ut av bilen og blir sendt til sjukehus for sjekk. Bilbergar er sendt til staden.

DEL

Ein bil ligg tysdag ettermiddag i vegbana på Svartedalsvegen i Eikefjord, etter å køyrt opp på autovernet og tippa over på eine sida.

Det melder Vest politidistrikt klokka 16.04.

Føraren av bilen var ein mann i 30-åra. Han var åleine i bilen og han har kome seg ut etter ulykka. Vedkommande blir meldt som bevisst av politiet. Han blir sett til av helsepersonell på staden.

Det er heller ikkje mistanke om at føraren var påverka av rusmiddel. Førarkortet er heller ikkje beslaglagt av politiet.

Naudetatane vart sendt. Det var passasje for mindre køyretøy etter ulykka, men kort tid etter vart det meldt at vegen er stengt. Det var derimot lite trafikk på staden.

Per no er årsaka til ulykka ukjent for politiet.

Artikkeltags