Køyrde i 103 km/t forbi Eikefjord. Der stod politiet med laser

DEL

Onsdag hadde Utrykkingspolitiet fartskontroll på riksveg 5 ved Hovland i Eikefjord. Det melder politiet på Twitter. Det er 80-sone på staden. Tre bilistar vart bøtelagd for altfor høg fart. Høgste fart som vart målt var 103 km/t.

Dersom du køyrer opptil 25 km/t over fartsgrensa i 80-sona, som i tilfellet her, er bota på 6400 kroner. Dersom vedkommande hadde køyrd over 105 km/t hadde bota vore 8500 kroner. Grensa for førarkortbeslag i 80-sone er 116 km/t.

Kvelden i førevegen hadde UP laserkontroll på riksveg 15 ved Totland i Nordfjord. Ni bilistar vart tekne med for høg fart, høgste farta var 98 km/t

Artikkeltags