Gå til sidens hovedinnhold

Køyrde for fort i Stryn – blei fotgjengar

Éin bilførar trakka for hardt på gassen onsdag.

Mellom klokka 21 og 23 onsdag kveld hadde politiet ein fartskontroll i ei 80-sone utanfor Stryn sentrum, ved ein stad lokalt kjent som Kjettingplassen.

Det førte til berre éin reaksjon.

Ein bil vart målt til 117 km/t.

Grensa for å miste lappen er 115 km/t i 80-sona, og føraren må no klare seg som fotgjengar.

Les også

Trur sjåføren sovna – tok førarkortet

Kommentarer til denne saken