Gå til sidens hovedinnhold

Køyrde av vegen og inn i lyktestolpe

Føraren er teken med til legevakt for sjekk

Politiet i Vest politidistrikt melder laurdag klokka 14.32 om ei trafikkulykke ved Håbakken i Lærdal. Ein personbil har køyrt av vegen og treft ein lyktestolpe.

Det var berre førar som var i bilen. Vedkommande er ein mann i 70-åra. Mannen er teken med til lokal legevakt for sjekk, men skadeomfanget er vidare ukjent for politiet.

Trafikken skal gå fint forbi ulykkesstaden.

Politiet er no på veg til staden for undersøkingar og oppretting av sak. Operasjonssentralen melder at ambulanse heller ikkje har vore på staden. I staden var mannen transportert til legevakta av ein forbipasserande.

Det skal vere store materielle skader på køyretøyet, opplyser politiet. Bergingsbil har elles vore på staden og henta bilen.

Det er også opplyst å vere skadar på lyktestolpen. Mannskap frå kraftselskapet er varsla og blir sendt til staden.