Køyrde 88 km/t i 60-sone – skylda på feilskilting

Mannen vart fråteken førarkortet, men gjekk til retten for å prøve å få det tilbake.

DEL

Der erkjende mannen at han køyrde i 88 km/t ein stad det var skilta med 60 km/t. Likevel meinte han at skiltinga på staden ikkje er i samsvar med gjeldande regelverk, og at han derfor burde få mildare straff.

Mannen forklarte til retten at han treng førarkortet for å komme seg til og frå jobb, men også i jobben sin. Han har ei stilling som inneber mykje reising, og han antar han køyrer om lag 50.000 kilometer i året.

Retten peikte på at fartsoverskridinga kvalifiserer til tap av sertfikatet i tre til seks månadar. Då føraren vart stoppa hadde han allereie tre prikkar i førarkortet, noko som betyr at tapsperioden kan bli forlenga med 3 månadar om han vert dømd.

Men mannen sitt ønske om å få tilbake førarkortet vart avslått.

I rettsdokumenta står det at retten har forståing for dei ulempene det å vere utan førarkort vil ha for sikta, men at lovbrotet var så alvorleg at omsynet til trafikktryggleiken, likebehandling og allmennpreventive omsyn må kome først.

Poliet får dermed behalde førarkortet til mannen fram til saka mot han er endeleg avgjort, men ikkje lengre enn seks månadar.

Artikkeltags