UP hadde torsdag kveld ein laserkontroll på rv. 15 ved Skårhaug i Nordfjord.
Området hadde 80-sone, men nokre bilistar trakka litt for hardt på gassen. Den høgste farten vart målt til 129 km/t.
– Ei jente i tenåra frå Nordfjord fekk kverrsett førarkortet, og vert meld til politiet, skriv UP i ein melding til Firda.
Vidare fekk seks bilistar forenkla førelegg for å ha køyrd for fort. Den høgste farten blant desse seks var 98 km/t.
UP-patruljen delte også ut to bøter for manglande bruk av bilbelte.
Kontroll i 70-sone
Same kveld hadde UP også ein laserkontroll på rv. 15 i Oppstryn.
Fartsgrenseskiltet synte 70, men det var det tre bilistar som ikkje følgde fartsgrensa og måtte betale bot.
Den høgste farta her var målt til 82 km/t.
Raymond (32) skulle berre brenne nokre pallar og litt papp. Så fauk glør ut av konteinaren