Helene Bergsholm i ny kortfilm

Helene Bergsholm

Helene Bergsholm Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Skodespelar Helene Bergsholm (25) har spelt rolla som mor i ein kortfilm som har gjort sterkt inntrykk på mange.

DEL

– Til denne rolla måtte eg verkeleg sette meg godt inn i det å vere mor. Eg er endå langt unna å bli mor sjølv, seier Bergsholm.

I forkant av innspelinga vart ho nøydd til å bruke tid på å bli kjent med jenta som ho skulle spele saman med. Det å spele så tett med eit lite barn kan vere utfordrande, og Bergsholm lærte mykje av dette.

– Det var vanskeleg, men fint. Eg måtte bruke tid på å kjenne på relasjonen til jenta, seier Bergsholm.

Historie som må forteljast

«Vi kan ikke hjelpe alle» er ein kortfilm basert på novella med same namn av Ingvild H. Rishøi. Filmen blir vist i desse dagar på aftenposten.no i samarbeid med Den norske kortfilmfestivalen i Grimstad. Gjennom filmen ønska regissør Nina Knag å skape merksemd rundt korleis eit liv kan vere for eit lite barn. Filmen er realistisk og sterk.

– Det er kjempetrist å tenke på at enkelte barn har det slik. Det er vanskeleg å sette seg inn i for meg som har hatt det bra, seier Bergsholm.

I filmen spelar ho ei 21 år gammal åleinemor som ikkje har god nok økonomi til å ta vare på jenta si slik samfunnet forventar. Historia fortel om ei mor som er nær eit samanbrot. Bergsholm meiner at dette er ei historie som treng å bli fortalt.

– Ikkje alle kan vere praktforeldre. Ein kan ikkje få til alt. Det er eit vanskeleg samfunn til tider, seier Bergsholm.

Gode tilbakemeldingar

Ho har fått mange gode tilbakemeldingar på rolla ho spela i filmen. Og fleire har sagt at den gjorde sterkt inntrykk på dei. Bergsholm var ikkje i tvil då ho vart spurt om å spele morsrolla.

– Dette er eit samfunnsproblem som mange kan relatere seg til. Difor var det veldig viktig for meg å gjere denne rolla bra, seier ho.

Til hausten skal Bergsholm tilbake til Oslo og fortsette på studiane ved Statens Teaterhøgskole. Ho skal fortsette å fokusere på skulen framover.

– No har eg ikkje tid til anna, seier ho.

Artikkeltags