Koronaviruset og dårleg vêr gir historisk låg straumpris

Illustrasjonsbilde.

Illustrasjonsbilde. Foto:

Av

Norske straumkundar vil spare fleire tusen kroner på grunn av koronaviruset. Det vil bli den lågaste kraftprisen forventa nokosinne i kraftmarknadshistoria.

DEL

Det seier Andreas Myhre, direktør for kraftforvaltning i Entelios, til NRK.

– Situasjonen er at vi i inneverande år 2020 har den dårlegaste kraftprisen forventa nokosinne i kraftmarknadshistoria. Sidan liberaliseringa på 90-talet ligg vi no an til ein pris på mellom 10 og 15 øre, og det er ein straumpris som er lågare enn vi nokon gong har sett gjennom eit heilt år.

I tillegg til koronaviruset speler òg dårleg vêr inn på dei låge straumprisane. Regn, vind og mildvêr gav særs billeg straum i januar.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken