Koronaviruset er påvist i Sogn

Ein innbyggjar i Sogndal kommune har fått påvist smitte av koronavirus.

DEL

– Ein vaksen person frå Sogndal kommune er smitta. Vedkomande har vore i Austerrike, og fekk påvist smitte før vedkomande kom heim til Sogndal, opplyser smittevernlege Leiv Erik Husabø, i ei infomelding som vart lagt ut på kommunens heimesider tysdag.

Det blir meldt at personen som har fått påvist koronasmitte, har vore isolert sidan vedkomande kom heim.

Sogndal kommune skriv også at tiltaka dei har sett i verk, er i tråd med råda frå Folkehelseinstituttet.

– Det viktige no er å isolere personar som er smitta, slik at dei ikkje smittar andre, seier Husabø.

Frå før er det meldt om eit tilfelle av koronasmitte i Sunnfjord.

Ein har fått påvist smitte, seks personar i karantene i Sunnfjord¨


Artikkeltags