Gå til sidens hovedinnhold

Koronaundersøking i Vestland

15.000 innbyggjarar i Vestland fylke får denne veka tekstmelding og e-post frå Folkehelseinstituttet om å vera med i ei spørjeundersøking om korleis koronapandemien har påverka dei.

Det fortel Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.

Vestland er eitt av fire fylke som er plukka ut til å vera med i undersøkinga. Dei andre fylka er Oslo, Agder og Nordland.

Gjennom undersøkinga ønskjer Folkehelseinstituttet å finna ut om folk følgjer smittevernråda om hygiene og avstand. I tillegg blir det spørsmål om korleis fok opplever situasjonen under pandemien, heiter det.

– Vi håpar å få svar på om det er forskjellar mellom ulike personar i befolkninga og mellom landsdelar. Slik kunnskap vil vera til hjelp når smitteverntiltaka skal utformast, seier direktør Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet.

– Viktig for Vestland

Svara på undersøkinga er ikkje berre viktige for Folkehelseinstituttet. Fylkeskommunen peikar på at Vestland er plukka ut for til å vera med i undersøkinga fordi koronapandemien har råka befolkninga i fylket kraftig. Svara i undersøkinga vil difor vera viktige for samfunnsplanlegginga både i fylkeskommunen og kommunane, heiter det.

– Vi er veldig spente på korleis folk har handtert nedstenging og konsekvensane. Vi veit at nærmiljø og arbeid er viktig for folk. Gjennom denne undersøkinga kan vi få svar som styrkjer arbeidet vårt med samfunnsutvikling og bidra til å målretta tiltaka våre, seier fylkesordførar Jon Askeland som håpar folk vil ta seg tid til å svar på undersøkinga.

  • Sjå klokka 14.00:

    Klokka 14.00 held justis- og beredskapsminister Monica Mæland og helse- og omsorgsminister Bent Høie held pressekonferanse. Helsedirektør Bjørn Guldvog og direktør i Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg er også til stades.

Les også

Åtte personar testa positivt for korona i Stad – smitten kjem frå Bergen

Les også

Lysten på Ikea-tur og julehandel i Bergen? Kommuneoverlegen er klar i sin dom

Kommentarer til denne saken