Koronatiltak for 27 milliardar kroner frå regjeringa

Av

Regjeringa la i dag fram tiltak for til saman 27 milliardar kroner, mellom anna til ein grøn omstillingspakke.

DEL

Det blir mellom anna foreslått 4 milliardar kroner kvar for bedrifter som tek eigne permitterte tilbake og til å halde aktiviteten oppe i byggebransjen.

Det blir òg gitt 3,6 milliardar kroner over tre år til ein grøn omstillingspakke.

– Vi legg no fram tiltak som både får folk i jobb, aukar aktiviteten i norsk næringsliv og bidreg til langsiktig verdiskaping i privat sektor framover. Slik styrkjer vi grunnlaget for norsk velferd i framtida, seier statsminister Erna Solberg (H).

Artikkeltags