Koronasmitten nesten dobla

Av
DEL

Talet på smittetilfelle i Norge nesten dobla seg til 728 førre veke. Dei lokale utbrota i Bergen og i Fredrikstad og Sarpsborg ligg bak.

Det er registrert 20,6 smitta per 100.000 innbyggjarar i veke 35 og 36 samla, skriv FHI i den nye vekerapporten sin.

Dermed er smitten i Noreg på raudt nivå.

FHIs samla vurdering er likevel at smittespreiinga framleis er på eit «relativt lavt nivå generelt i befolkningen på nasjonalt nivå».

FHI påpeikar òg at det ikkje er sett noka stigning i sjukehusinnleggingar eller dødsfall.

«En forklaring er at smitten de siste ukene primært har forekommet hos yngre personer med lav risiko for alvorlig forløp», skriv FHI i vekerapporten. «Samtidig bidrar den utstrakte testingen og smittesporingen trolig til at vi oppdager flere tilfeller med et mildt forløp.»

Alt i alt anslår FHI at 1,2 prosent av befolkninga i Noreg no har vore smitta av koronaviruset.

Artikkeltags