Gå til sidens hovedinnhold

Koronasmitten i Hyllestad: Nærkontaktane testa negativt på hurtigtest

Men framleis gjenstår det to testrundar.

For abonnentar

Laurdag testa ein tilsett i omsorgstenesta i Hyllestad positivt for covid-19. Eiklund sjukeheim vart stengd for besøkande som følge av smitten, då den tilsette hadde vore på jobb der.

Søndag vart smittesporinga avslutta, og til saman seks nærkontaktar har blitt testa.

Alle desse er fullvaksinerte, seier kommunedirektør Martin Lundgård til Firda.

– Alle har blitt testa ein gong med hurtigtest. Det har ikkje ført til nye smittetilfelle.

Får svar måndag

I tillegg til å ha blitt testa med hurtigtest, har dei seks nærkontaktane også blitt testa med vanleg koronatest som blir teke i hals eller nase, ein såkalla PCR-test.

– Desse blir analysert ved Førde sentralsjukehus og svara er venta i løpet av måndag kveld, seier Lundgård.

Nærkontaktane er ikkje sette i vanleg smittekarantene, sidan dei er fullvaksinerte. I staden må dei bli testa på dag tre og dag fem frå det første smittetilfellet vart kjent. Men dersom dei får symptom må dei i karantene. Dette er i tråd med dei nye reglane for karantene og testing.

Forkjølingsvirus i sving

I ei melding på heimesida, skriv Hyllestad kommune at det for tida går eit forkjølingsvirus.

– Vi ber alle om å ha låg terskel for å ta kontakt ved nyoppståtte luftvegssymptom, heiter det.

Vidare oppmodar kommunen om å framleis følge smittevernråda som går ut på god hygiene, avstand og å halde seg heime ved symptom og teste seg.

Les også

Tilsett ved sjukeheimen i Hyllestad koronasmitta

Høie: Ikkje låst til 90 prosent fullvaksinerte før gjenopning

FHI åtvarar: Fleire blir smitta av forkjølingsvirus

Kommentarer til denne saken