Gå til sidens hovedinnhold

Koronasituasjonen lysnar, men det er ikkje over

Artikkelen er over 1 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

For om lag ein månad sidan innførte regjeringa svært strenge tiltaka og restriksjonar retta mot korona-epidemien. På dette tidspunktet var Norge eit av landa i Europa med høgst vekst i tal smitta, og det var nødvendig for styresmaktene å få kontroll på situasjonen. For ei veke sidan kunne helseministeren opplyse at epidemien var under kontroll, og dagen etterpå varsla regjeringa om lette i fleire av åtgjerdene.

Når regjeringa no fjernar eller mjukar opp fleire av koronarestriksjonane, bygger det på brei fagkunnskap og råd frå mange hald. Når det gjeld helse og smittevern spelar Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet ei svært viktig rolle, men òg fagmiljø utanfor landegrensene har blitt lytta til. Forutan dette har regjeringa oppnemnd to særskilde ekspertutval. Det eine har arbeidd med spørsmål knytt til skular/barnehagar. Det andre med kva koronatiltak som er samfunnsøkonomisk forsvarlege.



Eg har tillit til dei vurderingar og vedtak som nå er gjort, og meiner dei er rette og i stor grad nødvendige. Dette gjeld mellom anna lette i restriksjonane for barnehagar, skular, nærings- og arbeidslivet, og dertil at sjukehusa nå skal førebu seg for normal drift. Når regjeringa såleis har fastsett at barnehagar skal opne opp att den 20. april og at det same skal finne stad for skulane 1–4. klasse og SFO den 27. april, er det godt at dette òg skal skje i kommunen vår. Så legg eg til at opningane skal finne stad gradvis og kontrollert, og med nødvendige smitteverntiltak på plass, noko som kommunen alt er i gang med å førebu. Det vil òg bli utarbeidd nasjonale rettleiar for smittevern som vil bli nytta hos oss.

Så håper eg at det framover er grunnlag for å gjere ytterlegare lette i restriksjonane, og at til dømes regjeringa sitt mål om at alle elevar skal kome tilbake på skulen før sommaren kan bli oppfylt. Ikkje minst er det svært viktig at arbeids- og næringslivet vårt kjem tilbake i nokolunde normal virke så raskt som råd, noko som til sjuande og sist òg er eit velferds- og helsespørsmål.

Skal vi få dette til må vi gjere dei rette tinga framover, og vi må gjere det i lag. For det er ikkje slik at koronaepidemien nå er over. Tvert om. Dersom vi ikkje etterlever dei restriksjonane og smitteråda som framleis gjeld – og som vil gjelde i lang tid framover – vil vi igjen kunne oppleve at vi ikkje har kontroll på epidemien, med stor fare for liv og helse.

Vi må altså alle framleis gjere vårt for å hindre koronasmitte. Men det er grunn til optimisme. For er det ein ting som har slått meg den siste tida, er det måten vi har stått saman på. Ikkje berre har folk i ulike funksjonar i samfunnet vårt stått på og gjort ein stor innsats i arbeidet sitt. Restriksjonane har òg blitt respektert, og vi har greidd ta vare på smitte-vernereglane. Eg er sikker på at dette er ein avgjerande grunn til at vi har fått kontroll på koronasituasjonen.

Det same er tilfelle i Sunnfjord kommune, kor vi så langt har kome mykje betre ut av det enn vi kunne frykte for nokre veker sidan. Det har rett og slett vore imponerande å sjå korleis folk på sentralsjukehuset, i helse- og omsorgssektoren i kommunen, lærarane, butikktilsette, sjåførar, private næringsdrivande og alle, alle andre har stått på. Ikkje berre har det blitt gjort heilt nødvendig arbeid for å halde samfunnshjula i gang, ein har òg funne fram til arbeidsmetodar som har redusert smittefaren. Og midt opp i dette har vi altså i stor grad òg greidd å omgå kvarandre på måtar som ikkje smittar. Applaus til alle!

Det går mot vår og lysare tider. Eg håper og trur det same vil gjelde for koronasituasjonen. I mellomtida vil eg avslutte med det same eg har gjort i mange av facebook-oppdateringane eg har hatt om koronasituasjonen den siste månaden: Hugs avstand. Vask hendene!

Kommentarer til denne saken