Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) vil forlenge koronareglane for permitterte etter eit møte med partane i arbeidslivet.

Reglane blir forlengde til 1. november, skriv VG.

– Eit nytt storting får eventuelt sjå korleis situasjonen er då, seier Røe Isaksen til avisa.

Til NTB legg han til at dagpengeperioden og den forhøgde dagpengesatsen òg blir forlenga.

Den spesielle permisjonsordninga under koronapandemien skulle gå ut 1. oktober, noko som kunne få store konsekvensar for 80.000 arbeidstakarar.

– Kjøpt oss tid

– I tillegg er vi samde med partane i arbeidslivet om at vi held fram med å jobbe vidare med den kommunale støtteordninga som regjeringa foreslo før helga. Det er avgjerande at denne blir innretta slik at ho treffer bransjar og bedrifter som er spesielt hardt ramma, seier Røe Isaksen.

Han seier at trass stadig betre tider i norsk økonomi og fallande arbeidsløyse, er det framleis nokre bedrifter som framleis slit.

NHO: – Viktig å ikkje låse arbeidskrafta

Hovudorganisasjonen Virke er svært fornøgd med forlenginga.

– Vi har no kjøpt oss viktig tid og forhindra at permisjonsordninga går ut allereie 1. oktober. Vi kjem til å bruke tida framover til å jobbe for at støtteordningane varer like lenge som krisa. Vi er ikkje i mål, men dette var eit viktig steg i rett retning, seier Stian Sigurdsen, direktør for samfunnspåverknad i Virke, til NTB.

Nina Melsom, som er direktør for arbeidsliv i NHO, seier ho har forståing for Isaksens avgjerd, og meiner ein månads forlenging dessutan vil gi eit betre kunnskapsgrunnlag for å sjå kva slags utfordringar bedriftene vil stå i.

– Når det er sagt, er utgangspunktet vårt at det er rask betring i arbeidsmarknaden. Vi har òg bedrifter som skrik etter arbeidskraft, og vi har eit ansvar for ikkje å låse arbeidskrafta, seier ho.

LO-leiaren: – Ein månad er betre enn ingenting

LO-leiar Peggy Hessen Følsvik skulle helst sett ei forlenging fram mot årsskiftet.

– Det var det ikkje mogleg å få statsråden med på, og då er min tanke at éin månad er betre enn ingenting. Så får vi setje vår lit til at stortingsvalet vil gi oss eit nytt fleirtal, som kan gi oss ordningar så lenge krisa varer, seier ho.

YS-leiar Erik Kollerud understrekar at situasjonen må vurderast på nytt i oktober.

– Når regjeringa no forlengjer ordninga med berre éin månad, fryktar vi at krisa berre blir litt utsett, seier han i ei pressemelding.

SV: – Rett før vi trekte i nødbremsen

Arbeidarpartiet, SV og Raudt har tidlegare trua med å hasteinnkalle Stortinget for å tvinge fram ei slik forlenging. Framstegspartiet argumenterte òg for ei forlenging.

– No har det heile politiske Noreg utanom regjeringa sjølv, bede om handling over lang tid. SV er glad for at vi endeleg har fått gjennomslag for å forlengje permisjonsordninga, slik vi har kravd lenge. No var det rett før vi trekte i nødbremsen og samla Stortinget, seier SVs nestleiar Kirsti Bergstø.

Arbeidarpartiets arbeidspolitiske talsperson Rigmor Aasrud peikar òg på at regjeringa har endra meining under sterkt press. Ho ber om ytterlegare handling.

– Det er framleis ei rekkje spørsmål og ordningar som er uavklarte, vi reknar med at regjeringa fremjar eit forslag til Stortinget der vi får behandla heilskapen, seier Aasrud.

– Om det er behov for ytterlegare forlengingar, får vi vurdere dei neste vekene når vi ser korleis pandemien og næringslivet utviklar seg, seier leiar Erlend Wiborg (Frp) i arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget.

(©NPK)