Koronalova forlengd med éin månad

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland.

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland. Foto:

Av
DEL

Koronalova er forlengd til 27. mai. Det vedtok Stortinget fredag.

Forskrifter gitt med heimel i lova gjeld til same dato.

Fleirtalet på Stortinget er samde med regjeringa i at det framleis er behov for lova, men uttrykkjer at lova må brukast med stor varsemd framover, og at det ikkje vil støtte ei eventuell forlenging utover 27. mai, opplyser Justis- og beredskapsdepartementet.

På denne månaden skal regjeringa fremje nye lovforslag for tiltaka i forskriftene som skal vare utover 27. mai.

(©NPK)

Artikkeltags