Gå til sidens hovedinnhold

Koronalån kan bli gjort om til stipend

Våren 2020 kunne studentar og elevar som mista inntekt på grunn av koronautbrotet, søkje om eit tilleggslån frå Lånekassen. No ber Lånekassen om dokumentasjon for å kunne gjere om 8.000 kroner av lånet til stipend, med frist til 10. mars.

Studentar og elevar kunne i mai i fjor søkje om eit tilleggslån frå Lånekassen viss koronautbrotet førte til nedgang i inntekt mellom 1. mars og 15. juni. For studentar var tilleggslånet på 26.000 kroner, for elevar 13.000 kroner. 8.000 kroner kunne bli gjort om til stipend i etterkant, dersom låntakaren seinare kunne dokumentere inntektsnedgangen for å få omgjering til stipend.

No får alle som fekk tilleggslånet, ein e-post frå Lånekassen med beskjed om å logge inn på Dine sider, og dokumentere inntektsnedgangen. Dei som sender dokumentasjonen, får omgjering til stipend no i vår, informerer Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen, i ei pressemelding.

Døme på godkjend dokumentasjon kan vere permisjon, oppseiing, tapt lønnsinntekt og stadfesting på endra stillingsprosent. Om ein ikkje får dokumentert inntektsnedgang, blir heile tilleggslånet ståande og skal etter kvart betalast tilbake saman med resten av studielånet.

Kommentarer til denne saken